Webinar onsdag 2. desember: Grøne påstandar under lupa: Er marknadsføringa di klar for dei nye reglane?

Nye reglar mot grønvasking gjer det strengare å bruke ord som «berekraftig», «miljøvenleg» og «grøn» i marknadsføring. Innovasjon Noreg inviterer til webinar onsdag 2. desember kl. 10.00 – 10.45 om kva dette betyr for reiselivet. Vi oppmodar alle partnarane som jobbar internasjonalt til å delta.

Kva er nytt?

EU har innført direktivet om styrkt forbrukarvern i det grøne skiftet (EmpCo). Målet er å motverke grønvasking og gjere berekraftskommunikasjonen tydelegare og meir etterprøvbar. Reglane skjerpar mellom anna krava til generelle miljøpåstandar og til bruk av berekraftsmerke.

EmpCo-reglane gjeld i EU frå 27. september 2026. Regelverket har enno ikkje tredd i kraft i Noreg. Likevel må norske verksemder som marknadsfører eller tilbyr varer og tenester til forbrukarar i EU, allereie no forhalde seg til reglane.

I Noreg har Stortinget vedteke endringane i marknadsføringslova, men iverksetjinga er utsett. Reglane vil tidlegast gjelde frå første halvår 2027.

Kva betyr reglane i praksis?

  • Generelle miljøpåstandar som «berekraftig», «miljøvenleg» og «grøn» blir i hovudsak ikkje lov å bruke, med mindre du kan vise til dokumenterte og framifrå miljøprestasjonar.
  • Du kan ikkje bruke ein miljøpåstand om heile produktet dersom han berre gjeld ein del av det.
  • Berekraftsmerke må byggje på godkjende sertifiseringsordningar.
  • Det er heilskapsinntrykket som tel. Bilete, symbol og tekst rundt påstanden blir også vurderte.

Kvifor er dette viktig for deg?

Reglane gjeld all marknadsføring mot forbrukarar: nettsida di, sosiale medium, annonsar, brosjyrar og produkttekstar. Det gjeld også tekstar du sender til oss for fjordnorway.com og kampanjar.

Mange av gjestane våre kjem frå EU-land. Marknadsfører du deg mot dei, gjeld reglane for deg allereie no.

Også for marknadsføring mot norske gjester er det lurt å rydde no, før reglane trer i kraft her. Det kan handle om å byte ut vage ord med konkrete fakta, samle dokumentasjon og vurdere miljøsertifisering.

Gjestane skal kunne stole på det vi seier. Når éin aktør overdriv, kan det svekkje tilliten til heile regionen. Konkret og ærleg kommunikasjon om kva du faktisk gjer, er både tryggare og meir truverdig.

Om webinaret

Tittel: «Grønne påstander under lupen: Hva betyr EmpCo for reiselivet?»
Tid: Onsdag 2. desember kl. 10.00–10.45
Stad: Digitalt
Arrangør: Innovasjon Norge
Foredragshaldar: Michelle Janke, Europa-ansvarleg i Global Sustainable Tourism Council (GSTC)

Webinaret tek for seg kva du kan seie, kva du bør slutte å seie, og kva du må kunne dokumentere.