Nettverkssamlinga for Merket for bærekraftig reisemål kjem til Åndalsnes i 2027
Vi er så heldige at Innovasjon Norge og Norwegian Travel Cluster (NTC) har valt Rauma som vertskap for Nettverkssamling 2027 for Merket for bærekraftig reisemål. 16. – 18. mars samlast reisemåla i merkeordninga på Åndalsnes.
Ein møteplass for reisemål frå heile landet
Nettverkssamlinga er den årlege møteplassen for reisemåla i merkeordninga. I to og ein halv dag blir det fagleg påfyll, lokale opplevingar og god tid til å dele erfaringar på tvers av reisemål.
Rauma er merkt som berekraftig reisemål og skal remerkast i 2027. Visit NorthWest og Nordveggen søkte saman om å få samlinga til Åndalsnes, og vi gler oss stort over å kunne ønskje velkomen til Romsdalen i vinter. Her får vi vise fram ein del av regionen og korleis reisemålet jobbar med berekraftig reiselivsutvikling, saman med lokalsamfunn, næringsliv og kommune.
Velkomen til Nordvestlandet
Velkomen til kontrastane. Til orkanar og fønvind. Til loddrette fjellveggar og vassrette kystliner. Her der elvar sildrar deg i søvn og puddersnøen får fram våghalsen i deg. Her der avstandane er korte, men opplevingane er som frå ei anna verd. Velkomen til Møre og Romsdal. Til indre ro og ytre råskap.