Kurstilbod haust 2026

Som ein del av Norwegian Travel Cluster (NTC), kan Visit NorthWest tilby deg som partner ei rekke kurs og kompetansehevande tiltak. Med rabattkode og ein sterkt redusert pris, er dette ein del av fordelane ved å vera partner i destinasjonsselskapet. Alle kurs er digitale og varer normalt 1 – 2 timar. Kursa kan takast enkeltvis etter interesse, men det er også tilrådd å ta dei som ein serie for ein meir grundig innføring. Sjå meir informasjon om kursa og finn rabattkodar under.

KI og ny teknologi

Det er behov for å styrkje kunnskap om KI og ny teknologi i reiselivet. Denne hausten tilbyr vi sju kurs fordelte på to nivå:

Nivå A passar for deg som er ny med KI, eller vil bli tryggare på det grunnleggjande:

Nivå B passar for deg som har brukt KI litt og vil utforske fleire moglegheiter:

💰 Ordinær pris: 2 000 kr per kurs. Med medlemsrabatten betaler du 500 kroner per kurs.

Tilgjengelegheit som konkurransekraft

Tilgjengelegheit er bra for business, bra for gjestene og bra for lokalsamfunnet. Norsk reiseliv har eit stort potensial til å bli meir tilgjengeleg – og ofte er det små grep som skal til. I denne fireparts kursserien, utvikla saman med Sunnaasstiftelsen og Inklu-Beitostølen, får bedriftene ei praktisk og konkret innføring i temaet.

💰 Ordinær pris: 2 000 kr per kurs. Med medlemsrabatten betaler du 500 kroner per kurs.

VertsKommunen 3. november

VertsKommunen er den årlege, nasjonale konferansen for det lokale reiselivet i digitalt format. Målgruppa er kommune- og destinasjonsleiing som vil hente inspirasjon, innsikt og erfaringar frå reiselivsutvikling på tvers av landet.

I år får de mellom anna:

  • Innovasjon Norge og NHO Reiseliv om status i reiselivsutviklinga
  • Tromsø sitt arbeid med innbyggarundersøking og toleevneanalyse
  • Vestland fylkeskommune sin rettleiar til kommunane om villcamping og fricamping
  • Voss Herad sitt arbeid med besøksstrategi i kommunen
  • AccessNorway — samarbeid mellom kommune og næring om tilgjengelegheit
  • Norske matdestinasjonar — nasjonalt arbeid for å styrkje landbruk og reiseliv

💰 Pris: 3 850 kr. Med rabattkoden er arrangementet gratis å delta på for deg som er partner i Visit NorthWest.

Rabattkode

Er bedriften din medlem i Visit NorthWest? Ta kontakt med Torill Brandal Berge (torill@visitnrothwest.no) for rabattkoden før du melder deg på.

Vi vil gjerne ha di tilbakemelding. Ikkje nøl med å ta kontakt om du har nokon spørsmål eller innspel.

Torill Brandal Berge

Torill Brandal Berge

Prosjektleder bærekraft / Sustainability Project Manager